25.5.09

ein del av meg

eg er ung, snart nitten. du er litt eldre, men me har likevel dei same måla. du er ni og ein halv centimeter høgare enn meg, men eg blir aldri sett ned på. augo mine er grøne som graset, dine blå som havet. saman er me verda, naturen, og alt som er vakkert. me er rake motsetningar, og me utfyller kvarandre. eg, som kan kunsten å tenke negativt, og du, som evig optimist. me er like og ulike, og me vil alltid vera riktige. viktige. gjennomsiktige. me tilhøyrer kvarandre, og er fanga i ein kvardag av sukkerspinn og all verdas klisjear, men det er den finaste tilværi som er, og me vil aldri forlate ho. me vil aldri bli vaksne, vår eksistens er basert på naivitet, såpebobler, latter, smil og forferdeleg dårleg kaffi som det berre er du som likar, og aldri vil me nokon gong slutte å leve. hjarta våre er bundne saman, og difor høyrer me på röyksopp og røyker cigarillos på asfalten og på toppen av fjellet. du er rota til det fine, du er venleik, kjærleik, kirsebær, thomas dybdahl, vatn, lys, dådyr og havørn, og aldri, aldri vil det forandre seg. ingenting kan forandre seg, og ingenting kan forbli. me dansar til roleg pianomusikk, og det eg elskar høgast med deg er feila som du har, fordi feil på deg ikkje er feil, men enda meir riktig. me legg på etter to timar i telefonen, eg svever tolv centimeter over bakken og du sovnar. du er finast når du søv, du er finast når du er vaken, du er finast når du smiler, du er finast når du er glad. du er finast. me snakkar i søvne, og når du ikkje er her, latar eg som.

for du, du gjer meg blomar av kjærleik.

2 Comments:

  1. Kristoffer said...
    SØDA
    Pernille said...
    Når du set ord i saman, vert det til dei vakkraste setningar.

Post a Comment