18.7.09

live and let die

det finaste som finnes må vel vera ein fin kjærast som snakkar i søvne, disneysongar på spotify, masse nye truser som er rosa og gule og blå (okei, ikkje blå) og raude og grøne og fine, google translate som lar meg skrive bittelitt portugisisk, a softer world, frekner, skyar og vått gras.



slik ser eg ut i dag, nemleg. og eg går med kjole! den kjøpte eg i dag for hundre kroner, og den er skikkelig fin og god, og eg kan snurre og snurre og snurre rundt utan at den krøllar seg og blir teit. det er vel fint?


slik ser dei fine trusene mine ut! dei er berre så flotte og gode, og eg blir så glad av å sjå på dei! dessutan føler eg meg litt som ei prinsesse når eg har dei på, fordi dei er så rosa og frynsete og flotte. (skjerfet som ligg under trusene fant eg litt sånn tilfeldig for tretti kroner, kor fint er ikkje det?)


ååå, sukkerspinn og muffinstruser.

og, ååå! eg må få seie at kjærasten min er flinkast i verda! i dag har han nemleg takka ja til ein plass på samanliknande politikk på universitetet i bergen! samanliknande politikk, høyres ikkje det berre fantastisk ut?
dessutan tok han tattovering tidlegare denne veka, berre sjå her:

15.7.09

regn

det er femten år sidan, for eg var snart tre, fryktlaust sjenert og befriande livredd. eg trur eg var mindre enn meg sjølv, for det kan ein vera når ein er snart tre og har majones i håret fordi ein er dårlegast i verda på å ete. eg var ikkje særleg god til å syngje, men eg fekk heller aldri tid til å prøve - eg kasta sand på dei andre og skreik når eg måtte inn. det var meg i paradiset, for eg kunne sjå heile verda frå der eg sto, aldri ville eg flytte meg. når det regna fekk eg vera inne, helst under bordet og bak gardina. kanskje det var best slik, eg trur aldri du la merke til meg, sjølv om du sa namnet mitt fleire gonger. det var umogleg å slutte å smile, for eg hadde vind i håret og fotballkort i lomma. eg trur ikkje mjølkekartongane var særleg mykje meir interessante på den tida, og sjølv om eg hadde kunna lese ville eg nok ikkje funnet særleg stor glede i det.

hair

13.7.09

fotokonkurransar

..igjen. eg berre må melde meg på når eg ser slike konkurransar, sjølv om eg ikkje har spesielle forhåpningar om å vinne.

1. tema: vatn (klikk her for å kome til konkurransen)
DSC_0836
Nikon D40x m/55-200mm. 1/20, f/5.6 og ISO 400

2. tema: dyr (klikk her for å kome til konkurransen)

Nikon D40x m/70-300mm. 1/125, f/6.0 og ISO 800

3. tema: natur (klikk her for å kome til konkurransen)
sheeps
Nikon D40x m/55-200mm. 1/500, f/5,6 og ISO 1250

4. tema: kjenslar (klikk her for å kome til konkurransen)

Nikon D40x m/70-300mm. 1/320, f/6.0 og ISO 400.

5.7.09

ferie

nokre gonger når det er fint vær og sola har gått ned er det flott å liggje i graset og berre sjå opp mot himmelen. då tenker ein over kor flott allting eigentleg er, og legg merke til fine detaljar som ein har oversett tidlegare. ein tenker på kor fint ein har det, på alle ein er glad i, og på at ein aldri vil at sumaren skal forsvinne. er ein heldig får ein liggje der i nokre minutt før ein merkar at ein blir oppeten av mygg, men det gjer ingenting, for då hoppar ein berre litt vidare, tar bilete av alt og smilar breiare enn dei fleste.

andre gonger reiser ein for å bade, og det er min favoritt. då plasker ein rundt i vatnet som små born, medan latteren boblar ut frå dei glade kroppane, og ein tenker at no, no er det umogleg å bli meir lukkeleg, men to sekund seinare, då den fine kjærasten eins dyttar ein litt forsiktig i ryggen og gjer ein ein stor klem medan han smiler, dei blå augo hans lysar og i eit par augneblikk verkar det som om sola skin ekstra sterkt og at heile verda plutseleg står stille og berre består av ein sjølv og han fine, og ein smilar og ein smilar og ein smilar og ein vil aldri at det skal slutte, då merkar ein at lukka eigentleg aldri tar slutt, og ein ynskjer at foralltid kan vera slik.

26.6.09

i går døde michael jackson, og eg er tydelegvis den einaste som tykkjer det var på tide. okei, greitt, det var kanskje ikkje på tide, men dykk skjønar forhåpentlegvis kva eg meiner. eg skal i alle fall ikkje lyge og seie at eg tykkjer det er trist og forferdeleg, for det tykkjer eg ikkje. han er berre ein person. eit vanleg menneske som tilfeldigvis vart berømt og laga musikk. eg trur ikkje me har gått glipp av noko særleg ved at han døydde, den siste plata hans kom vel ut i 2001 om eg ikkje tar feil, så eg har mine tvil om at me hadde fått høyrd meir ny musikk frå den kanten. dessutan, det døyr eit born noko slikt som kvart sjette sekund, noko som vil seie over fjorten tusen born kvar dag, og over fem millionar kvart einaste år. kvar i media blir desse borna nevnt? kanskje står det "sultkatastrofe i u-land" i ei lita notis inne i avisa, men det er ingenting mot oppmerksemda michael jackson får når han døyr. eg er mykje meir interessert i å lese om små born som må bøte med livet for at kapitalismen skal fungere enn å lese om pedofile popartistar som har omkommet.

nb:
for alle dykk som kallar dette respektlaust, kaldt, unødvendig og andre ting:
det er ikkje opp til dykk å bestemme korleis alle andre skal føle angåande dødsfallet til michael jackson. å seie at eg er kald og respektlaus på grunnlag av at eg ikkje tar alt så altfor seriøst seier faktisk meir om dykk enn det gjer om meg. michael jackson har ikkje gjort noko for å fortjene mi respekt, eg er ikkje spesielt glad i verken han som person, han som musikar, han som pedofil overgripar, eller han som barnemishandlar, men dersom nokon tykkjer dette er ting han burde bli respektert for, er det fullstendig opp til dykk.


ett dødsfall er en tragedie, en million dødsfall er statistikk
- josef stalin

18.6.09

sjukdom

som sagt i forrige innlegg har eg eksamen i morgon. det vil seie, eg skulle hatt eksamen i morgon. eg har nemleg blitt sjuk. det verkar som om nokon har putta delar av eit piggtrådgjerde ned i halsen min, og trykt små ladningar med dynamitt inn i hovudet mitt som dei kosar seg med å sprenge litt av sånn omlag ein gong i sekundet. eg veit det, eg er veldig god på overdriving. poenget var at eg har stressa til legen til undersøking, noko som resulterte i legeerklæring og vissheita om at eg tydelegvis har pådratt meg ein infeksjon i dei øvre luftvegane, eller noko slikt. ho hadde eit fantastisk komplisert ord på det, eit ord som fekk det til å verka forferdeleg fryktingytande og skummelt, men eg har diverre gløymd det. uansett treng eg ikkje møte opp til eksamen i morgon, og får i staden gleda av å ta den oppatt til hausten. heh. ja, eg var ironisk når eg skreiv "gleda". men, som den positive personen eg er (ja, det var og ironi) har eg lova meg sjølv at dette ikkje skal bli ein keisam klageblogg, og sjølv om det er lite sannsynleg at nokon kjem til å lese dette, då lesarar, i alle fall kommenterande lesarar, er ei stor mangelvare her, og at det dermed er ganske få som kjem til å bevitne denne straumen av negativitet, vel eg å slutte å skrive meir om det. for denne gong, i alle fall.


dette er meg, tatt av kristoffer på tirsdag, trur eg.

og for positivitetens skuld:
:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:DDDD!!!!11one

16.6.09

eksamen

i morgon finn eg ut om eg har kome opp i munnleg. eg håper at alle mine tre (!) blogglesarar kryssar fingrane sine og sender ut positiv energi slik at eg ikkje kjem opp! eg vil ha ferie, sol, bading, kosing og avslapping, ikkje lesing, stress, innesitjing, stress, oppgitthet, stress, eksamen og stress. eg stresser allereie, og et tyrkisk pepper i eit så stort antall at eg kjem til å ha sure oppstøt i månadsvis. ønsk meg lykke til!

EDIT:
eg kom opp. i norsk. det er karma, eg er sikker. sjølv om eg er usikker på kva eg kan ha gjort for å fortene ein slik sjebne. vel, det er kanskje ikkje gale som eg vil ha det til, men det er ein veldig nedtur. spesielt når me var seks stykk som kom opp, og får dumme haha-dykk-kom-opp-og-må-lese-til-eksamen-i-det-fine-været-medan-me-badar-og-har-det-flott-kommentarar frå resten av klassen. betre vart det ikkje av at bussen køyrde frå oss. på det punktet var eg faktisk så stressa og irritabel at eg ringte kundetelefonen til tide og skjelte ut den stakkar dama som febrilsk prøvde å få meg til å slutte å banne før eg spurte ho om "korleis i alle dagar dei kan forvente at ungdom skal velje kollektivt når bussane berre køyrde forbi" saman med ei heil rekke velvalte og snille ord, før ho sa at det ikkje var hennar feil og la på. eg har litt dårleg samvit. unnskyld, bussdama!
etter å ha mista toget sprang eg bort til himmelen, eplehuset altså, og fekk henta ipoden min. det er ein av tinga eg elskar med apple, den fantastiske servisen dei har! sist veke reiste eg opp dit, utan kvitering, utan forsikring, og utan garantipapir, gjekk bort til kassa og sa "det er noko gale med ipoden min", og gav den til fyren i kassa. han såg litt på den, spurte etter namn og telefonnummer, og sa "greitt, du får ein ny neste veke". så enkelt er det.
i ♥ apple.

14.6.09

..hadde eg budd ein heilt annan stad. kanskje i london?
kanskje i paris, kanskje i berlin. strøket eg budde i hadde nok sett slik ut:


eg hadde hatt ei blå dør, sjølvsagt.


..og rommet mitt hadde sett slik ut:


eg hadde handla alle kleda mine på loppemarknad,
og slik hadde kleskapet mitt sett ut:


eg måtte hatt eit eige skap til skoa mine:


..og eit heilt anna rom til merkelege ting som eg berre kjøpte
fordi dei var så merkelege:


eg hadde kjøpt fine bestemorkoppar som eg drakk te i,
for om eg hadde vore nokon andre hadde eg sjølvsagt likt te.



..eg hadde og hatt mykje lengre fingrar enn det eg har no,
så lange fingrar at det var enkelt å spele gitar:


eg hadde vore flink til å sy, og laga alle kleda mine av slikt stoff:


om natta skulle eg lista meg ut for å skrive fine beskjedar
på forskjellige gatehjørne, berre fordi eg kan:





(alle bileta er henta frå min besteven - google)

13.6.09

Flickr

This is a test post from flickr, a fancy photo sharing thing.

5.6.09

sløve sumardagar

det er rart korleis små og enkle ord kan gje deg assosiasjonar til ting langt større enn seg sjølv. sjå på ordet sumar, til dømes. når eg tenker sumar tenker eg vatn, sol, seine sumarkveldar med nokon ein elskar, lav musikk, høg musikk, bading, is, hengekøyer, blå himmel, symjing, kyssing, dansing, festivalar, skulefri, smil, klemmar, gras, sandstrand, alkohol, turar, hestar, fotografering, å gå barbeint på varm asfalt, og det meste som er fint i verda. eg tykkjer sumar er fantastisk. det er tross alt berre om sumaren ein kan sole seg i hengekøya i hagen medan ein et is, les fin bok, og smilar til alt og alle.









29.5.09

and she fights for her life
as she goes to the store
where people are pleasently strange
counting the change as she goes

nobody knows

er ikkje dette berre det finaste som finnes? det tykkjer eg.
i dag er det sol og sumar, med hengekøye i hagen, musikk frå pocahontas på spotify, lese himmelblomsttreet og draume seg vekk til den andre sida av verda, pakking til ru-leiren som eg skal på i morgon, fotografering med det fine 50mm-objektivet eg lånar av ole, nyfarga hår, grøn kjole og lilla sokkar.
korleis er din dag?

28.5.09

fotokonkurransar

i dag har eg informasjonsteknologi stort sett heile dagen, og sidan eg har jobba mykje, tar eg meg ein (velfortjent?) pause for å poste bilete til forskjellige fotokonkurransar.


1. tema: dyr (trykk for å kome til konkurransen)

dette er katten min, nala.
eg val dette bilete fordi eg er forferdeleg glad i ho. gullungen min.

2. tema: natur (klikk for å kome til konkurransen)


3. tema: sumartid (klikk for å kome til konkurransen)


4. tema: vatn (klikk for å kome til konkurransen)


5. tema: dyr (klikk her for å kome til konkurransen)






6. tema: "tett på" (klikk her for å kome til konkurransen)






7. tema: fridom (klikk her for å kome til konkurransen)

dette er fridom for meg. eit bilete eg tok i tyskland, på grensa til frankrike, tidelegare i år når eg var der for å demonstrere mot nato. bilete er tatt med eit vanleg kompaktkamera, er overeksponert, og ikkje særleg estetisk vakkert, men eg er veldig glad i det, nettopp grunna alt det representerer for meg.

..etterkvart som eg posta bilete fant eg stadig nye konkurransar, og eg greier jo ikkje la vera å melde meg på. det ble vel kanskje litt mange til slutt? no skal eg roe meg ned. lover.

27.5.09

i dag er alt fint





dette er kjærleik av dårleg biletekvalitet. akkurat no gjer det ingenting, for no gjer ingenting noko som helst. den finaste guten eg kjenner ligg ved sidan av meg, snorker og snakkar i søvne, og eg har hatt den finaste dagen. i morgon byrjar stresset att, men det bekymrar eg meg ikkje for no. min far har nemleg lova å laga meksikansk gryte på ekte veggisstyle, og kven kan vel vera nedtrykt når ein har slike fine ting i vente? ikkje eg, i alle fall.

juliet, when we made love you used to cry
you said 'i love you like the stars above

i'll love you till i die'

25.5.09

ein del av meg

eg er ung, snart nitten. du er litt eldre, men me har likevel dei same måla. du er ni og ein halv centimeter høgare enn meg, men eg blir aldri sett ned på. augo mine er grøne som graset, dine blå som havet. saman er me verda, naturen, og alt som er vakkert. me er rake motsetningar, og me utfyller kvarandre. eg, som kan kunsten å tenke negativt, og du, som evig optimist. me er like og ulike, og me vil alltid vera riktige. viktige. gjennomsiktige. me tilhøyrer kvarandre, og er fanga i ein kvardag av sukkerspinn og all verdas klisjear, men det er den finaste tilværi som er, og me vil aldri forlate ho. me vil aldri bli vaksne, vår eksistens er basert på naivitet, såpebobler, latter, smil og forferdeleg dårleg kaffi som det berre er du som likar, og aldri vil me nokon gong slutte å leve. hjarta våre er bundne saman, og difor høyrer me på röyksopp og røyker cigarillos på asfalten og på toppen av fjellet. du er rota til det fine, du er venleik, kjærleik, kirsebær, thomas dybdahl, vatn, lys, dådyr og havørn, og aldri, aldri vil det forandre seg. ingenting kan forandre seg, og ingenting kan forbli. me dansar til roleg pianomusikk, og det eg elskar høgast med deg er feila som du har, fordi feil på deg ikkje er feil, men enda meir riktig. me legg på etter to timar i telefonen, eg svever tolv centimeter over bakken og du sovnar. du er finast når du søv, du er finast når du er vaken, du er finast når du smiler, du er finast når du er glad. du er finast. me snakkar i søvne, og når du ikkje er her, latar eg som.

for du, du gjer meg blomar av kjærleik.

22.5.09

i smile everytime you leave
just because i know



you'll come back

singularity

i count binary in my head
zero one, one zero, one one



and you count clouds

20.5.09

if my letters are flagged
our love will outlive us



in their computers

10.2.09

Kanskje.

No skulle eg ynskje eg var ein flink bloggar. At eg greidde å skrive om noko som er vanleg, keisamt og lite interessant på ein slik måte at det verka kjempeflott.



Eg er ingen særleg flink bloggar. Når eg skriv om dagen min, kva eg gjor på skulen, og kva eg skal ete til frukost i morgon (som forøvrig er cornflakes med masse sukker), blir det berre ein tekst om ein keisam dag, ein lang skuledag, og ein uinteressant frukost.



Nokre gonger høyrer eg på The Killers på bussen. Andre gonger legg eg meg for seint. Dagen i dag har vore prega av begge delar. Om eg lar vera å røyke kjem eg til å leve til eg er to hundre.



Eg skal innrømme at eg ikkje veit. Eg veit meir enn lite, og mindre enn alt. Dersom nokon ynskjer å dele framtida si med meg hadde det vore fint. Eg har nemleg ingen aning.



Det var ein gong. Det er nok slik framleis. Eg ser det ikkje. Men det er der. Forskjellen er at det er ikkje eg. Kanskje det ikkje er noko forskjell. Sofaen er nok framleis grøn. Det er vel det eg og er.

;;