28.12.08

Update

Det er mange formål jeg ville ha dødd for.
Det er ingen formål jeg ville ha drept for.
- Mahtma Gandhi

No er det lenge sidan eg har blogga. Delvis fordi eg stressa sjukt mykje rett før ferien, og delvis fordi at når eg først fekk ferie har eg tilbrakt minimalt med tid på dataen. Eit par dagar var eg faktisk utan internett i tillegg. Framover skal eg vera flinkare til å blogge! Lover. Sjølv om ingen mest sannsynleg bryr seg, sidan eg aldri får kommentarar frå andre enn Matias. Takk til Matias, i alle fall!

Sidan det har vore jul, tenkte eg å skrive ned det eg fekk i julegåve, og så kan eg heller poste bilete når eg kjem heim. Eg er nemleg hos ole no. Okey, here we go:

- I alt 2000 kroner i kontantar
- To gåvekort
- Charlotte Isabel Hansen av Tore Renberg
- Kurt blir grusom av Erlend Loe
- Fleecepledd
- Icanhascheezburger - a lolcats collekshun
- Rosa iPod Nano!!!!!!!!11one

Eg trur eg har gløymd nokre småting, men det får berre vera. Eg er i alle fall ganske så nøgd! Julafta i seg sjølv var sær. Sidan besteforeldra mine var for dårlege til å reise nokon stad, reiste me til Dale for å feire jul der. Eg laga meg potestappe med supermasse chili og pepper i, samt soyaprodukterstatningskjøtdeigsomikkjeerkjøt-opplegg, noko som er kjempegodt, og mykje betre enn all verdas julemat. Julemat er relativt ekkelt, i grunn. Æsj. Uansett, når me hadde vore der ei god stund var det tid for å reise heim att, fant me ut at det ikkje var plass til gåstolen til min bestefar i bilen. Og kva gjer ein i slike tilfeller? Ringer Anjas gåstolservice, sjølvsagt! Det endte med at eg gjekk i kjole og stiletthelar saman med ein gåstol ned på pleieheimen. Hurra for meg! Det er faktisk ganske så vanskeleg å gå med gåstol! Spesielt i nedoverbakke.

Eg byrja på dette blogginnlegget for to dagar sidan, men eg rakk aldri å bli ferdig. No sit eg hos Ole, og me skal heim til meg snart. Først skal me til Arna for å kjøpe champanie, sigar og diverse anna, hurra for nyttårsafta! Første januar har eg og Ole faktisk vore saman i to år, og det må jo og feirast, sjølvklart! Det blir nok ein tur på kino og å ete litt og slike koselege ting. No har Ole hoppa i dusjen, og det er meininga eg skal vera klar til å gå når han kjem ut att, så eg får vel setje i gong snart. Eg må berre seie tusen takk til Ole først, som er så snill og laster ned Kingdom Hearts til PCen sin, slik at eg skal ha noko å gjere på når han speler Fallout. Søte Ole!

Snakkez!

13.12.08

Døgnrytme.

i has it not.

11.12.08


kjærleik







010107.
Du er den teiaste i verda.
Eg elskar deg.
<3

9.12.08

Senhor Yenso


Blå Morpho sumarfugl.

Eg er ferdig med Himmelblomsttreet av Gert Nygårdshaug. Den var så spanande at eg faktisk gløymde å sove i går natt. Eg satt våken heile natta og las, og plutseleg ringte Ole for å vekke meg. Då hadde eg eit par sider att av boka, som eg las på bussen på veg til skulen. Himmelblomsttreet er den mest fantastiske boka sidan Mengele Zoo. Eg veit eigentleg ikkje kva av bøkene eg likar best, dei er så forskjellige, sjølv om dei er ganske like. Eg har ikkje greidd å fått nokre av bøkene ut av hovudet enda, og går framleis å tenker på personane i bøkene, og funderer på kva som kjem til å skje vidare. Himmelblomsttreet slutta midt i ei setning. Kor irriterande er ikkje det?

"nå, nå hører jeg noen - noen kommer - kjære Niels Oder!
jeg hører skritt som stanser utenfor døren -
denne døren - må jeg dø - nå?
Jeg"

ARGH. Er det mogleg. Det mest spanande augeblikket i boka, og så stoppar det. Men det går bra. Eg har allereie utvikla masse forskjellige teoriar til kva som skjer vidare, så eg kan vel eigentleg velje og vrake så mykje eg vil.

No sit eg å høyrer på Jokke og Valentinerne og arbeider med pros
jekt til fordjupningsoppgåva mi. Det er ganske flott, eg har tatt bilete av Kjersti, Annelene og Ole, dei var flinke modellar! Hurra! Takk til dei. Snille folka. Eg skal ta fleire bilete av Ole i dag etter skulen, det blir gøy. Eg likar å ta bilete i studio, i grunn.
I går var eg på besøk til Line rett etter skulen! Det var kjempekoseleg. Kevin er den søtaste ungen i verda. <3


"For en artig fyr, for en morsom humor
Man kan alltids håpe at den føflekken er en tumor
For en herlig gjeng, for et lystig lag
For en herlig by og for en gjennomført j
ævlig dag."

Slik ser dei fine skoa mine ut:


Og om nokon har lurt på korleis
utsikta frå soverommet mitt er,
er det altså slik som dette:




4.12.08

Morpho

"Praktisk politikk er kunsten å ignorere fakta."


I går tok eg bilete av Kjersti og Ole til prosjekt til fordjupning. Det gjekk ganske bra, og eg er bra nøgd med nokre av dei. Tenkte å poste bilete av eit par i morgon på skulen, sidan dei ligg på skulepcen, som (heldigvis) ikkje er med meg heim. Kjersti er ein slik flink modell! I morgon skal eg kanskje ta litt fleire bilete, dersom Annelene har tid til å vera modell. Hurra for Annelene!

I dag har eg vore med Ole. Me reiste først til Bergen fordi Ole skulle kjøpe nokre greier han treng til eit skuleprosjekt. Medan han handla det gjekk eg å kjøpte pizza i Marken, der dei selg verdas meste margarita-pizza kjempebillig! Den koste me oss med på togturen heim, men me var framleis svoltne då me kom heim til meg. Me åt nokre ferdigmat for veggisar, samt potetstappe, og det var kjempegodt! Etterpå satt me på rommet mitt utan å gjere særleg mykje konstruktivt. Særleg sidan eg var så utslitt at eg sovna, og sov vekk halve tida han var hos meg. Teite meg! Når eg våkna, etter ti minutt med intens plaging frå Ole si side, såg me på Miami Ink, før Ole tok åttebussen heim.

Eg er trist. Har lest ut Mengele Zoo, og eg ville ikkje at den skulle ende! Dessutan var endinga trist. I morgon skal eg kjøpe oppføgjaren til boka, trur eg, og det gler eg meg skikkelig til! Mengele Zoo er utan tvil ein av dei beste bøkene eg har lest. Det skjedde noko med meg medan eg las ho, utan at eg heilt kan forklare kva det var.

"Langt, langt borte, på den andre siden av havet, sto en vakker kvinne kledd i gult. Hun sto ved et lite anonatre som hadde vokst flere meter siden hun så det sist.
Under armen bar hun et lite staffeli, et lerret, noen fargetuber og pensler. Langsomt gikk hun ned de treogfemti trinnene til bryggen. Rekkene av skjell lå der fremdeles. Hun stirret utover mot horisonten. Hun skulle vente. Og mens hun ventet skulle hun male.
Hun skulle male havet."

Dette var dei siste seks linjene i boka. Eg får frysningar kvar gong eg les det.
Eg anbefalar verkeleg alle om å lese Mengele Zoo! No skal eg ete og legge meg. Natta.

2.12.08

"Loven er som en telefonstolpe;
du kan ikke hoppe over, men du kan gå rundt"


Eg er endeleg ferdig med DVD-coveret! Ganske utruleg, i og med at eg måtte gjere det på to dagar, sidan dataen min mislikar å vera påslått. Men no er eg i alle fall ferdig, og det er utruleg herleg! Poster eit bilete av coveret her. Eg har sensurert augene og munnen min, sidan eg hadde eit gigantisk amøbeuttrykk i andletet. I tillegg har eg sensurert nummeret og emailadressa mi, fordi eg har lært meg at uvedkommande ofte les bloggar. Høhøøøm.


Dagen min har vore kjempeflott! I går la eg meg i åttetida, og det var heilt utruleg deilig å vakne utan å vera i koma. Når eg kom på skulen leverte eg prosjektet og var litt m
ed Ole. Sidan jobba eg litt med prosjekt til fordjupning, for det skal eg nemleg ha kvar dag fram til 16. desember! Det er så flott. Eg skal ta portrettfoto, og det ser ut til å gå særs bra. Eg skal ta nokre av bileta allereie i morgon! Yay, me!

FAENTA KRISTOFFER LILAND
.
Yeah, that's right! I said it! It was me! Eg lova han å skrive eit innlegg om han, men sidan han var kjempeslem og rick roll'a meg, ble det eit slemt innlegg der eg skular mot han og lagar skumle grimasar. Neida, eg tuller. Or am I? Uansett så er Kristoffer teit og duzt, og eg skriv berre dette fordi eg får
betalt. Neida. Seriously. Han lova å skrive blogginnlegg om meg dersom eg skreiv om han. Noko eg tvilar på, sidan han aldri bloggar, menhei. Mi tru på menneskeheita stansar aldri. Så difor skal eg skrive noko snilt om han og, sjølv om han er ein forvokst fisk i bur.
Kristoffer er teit, har langt hår, skjegg og Kristiansanddialekt. Han var, saman med Ole, dei mest irriterande menneska på Globaliseringskonferansen, sidan dei satt på kvar si side av meg å poka når eg akkuratt hadde vakna. Fantastisk snilt gjort. Eg har eigentleg ikkje lov å seie noko slemt, føler eg, sidan eg framleis har dårleg samvit for å ha dytta han over ende på avslutninga.... Men det snakkar me ikkje meir om. Eg skal poste eit bilete av Kristoffer, eg. Så kan han føle seg viktig. HEHE. Neida. Han er jo det.



KOMMENTER BLOGGEN, KRISTOFFER. Seriøst.


;;