26.6.09

i går døde michael jackson, og eg er tydelegvis den einaste som tykkjer det var på tide. okei, greitt, det var kanskje ikkje på tide, men dykk skjønar forhåpentlegvis kva eg meiner. eg skal i alle fall ikkje lyge og seie at eg tykkjer det er trist og forferdeleg, for det tykkjer eg ikkje. han er berre ein person. eit vanleg menneske som tilfeldigvis vart berømt og laga musikk. eg trur ikkje me har gått glipp av noko særleg ved at han døydde, den siste plata hans kom vel ut i 2001 om eg ikkje tar feil, så eg har mine tvil om at me hadde fått høyrd meir ny musikk frå den kanten. dessutan, det døyr eit born noko slikt som kvart sjette sekund, noko som vil seie over fjorten tusen born kvar dag, og over fem millionar kvart einaste år. kvar i media blir desse borna nevnt? kanskje står det "sultkatastrofe i u-land" i ei lita notis inne i avisa, men det er ingenting mot oppmerksemda michael jackson får når han døyr. eg er mykje meir interessert i å lese om små born som må bøte med livet for at kapitalismen skal fungere enn å lese om pedofile popartistar som har omkommet.

nb:
for alle dykk som kallar dette respektlaust, kaldt, unødvendig og andre ting:
det er ikkje opp til dykk å bestemme korleis alle andre skal føle angåande dødsfallet til michael jackson. å seie at eg er kald og respektlaus på grunnlag av at eg ikkje tar alt så altfor seriøst seier faktisk meir om dykk enn det gjer om meg. michael jackson har ikkje gjort noko for å fortjene mi respekt, eg er ikkje spesielt glad i verken han som person, han som musikar, han som pedofil overgripar, eller han som barnemishandlar, men dersom nokon tykkjer dette er ting han burde bli respektert for, er det fullstendig opp til dykk.


ett dødsfall er en tragedie, en million dødsfall er statistikk
- josef stalin

18.6.09

sjukdom

som sagt i forrige innlegg har eg eksamen i morgon. det vil seie, eg skulle hatt eksamen i morgon. eg har nemleg blitt sjuk. det verkar som om nokon har putta delar av eit piggtrådgjerde ned i halsen min, og trykt små ladningar med dynamitt inn i hovudet mitt som dei kosar seg med å sprenge litt av sånn omlag ein gong i sekundet. eg veit det, eg er veldig god på overdriving. poenget var at eg har stressa til legen til undersøking, noko som resulterte i legeerklæring og vissheita om at eg tydelegvis har pådratt meg ein infeksjon i dei øvre luftvegane, eller noko slikt. ho hadde eit fantastisk komplisert ord på det, eit ord som fekk det til å verka forferdeleg fryktingytande og skummelt, men eg har diverre gløymd det. uansett treng eg ikkje møte opp til eksamen i morgon, og får i staden gleda av å ta den oppatt til hausten. heh. ja, eg var ironisk når eg skreiv "gleda". men, som den positive personen eg er (ja, det var og ironi) har eg lova meg sjølv at dette ikkje skal bli ein keisam klageblogg, og sjølv om det er lite sannsynleg at nokon kjem til å lese dette, då lesarar, i alle fall kommenterande lesarar, er ei stor mangelvare her, og at det dermed er ganske få som kjem til å bevitne denne straumen av negativitet, vel eg å slutte å skrive meir om det. for denne gong, i alle fall.


dette er meg, tatt av kristoffer på tirsdag, trur eg.

og for positivitetens skuld:
:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:DDDD!!!!11one

16.6.09

eksamen

i morgon finn eg ut om eg har kome opp i munnleg. eg håper at alle mine tre (!) blogglesarar kryssar fingrane sine og sender ut positiv energi slik at eg ikkje kjem opp! eg vil ha ferie, sol, bading, kosing og avslapping, ikkje lesing, stress, innesitjing, stress, oppgitthet, stress, eksamen og stress. eg stresser allereie, og et tyrkisk pepper i eit så stort antall at eg kjem til å ha sure oppstøt i månadsvis. ønsk meg lykke til!

EDIT:
eg kom opp. i norsk. det er karma, eg er sikker. sjølv om eg er usikker på kva eg kan ha gjort for å fortene ein slik sjebne. vel, det er kanskje ikkje gale som eg vil ha det til, men det er ein veldig nedtur. spesielt når me var seks stykk som kom opp, og får dumme haha-dykk-kom-opp-og-må-lese-til-eksamen-i-det-fine-været-medan-me-badar-og-har-det-flott-kommentarar frå resten av klassen. betre vart det ikkje av at bussen køyrde frå oss. på det punktet var eg faktisk så stressa og irritabel at eg ringte kundetelefonen til tide og skjelte ut den stakkar dama som febrilsk prøvde å få meg til å slutte å banne før eg spurte ho om "korleis i alle dagar dei kan forvente at ungdom skal velje kollektivt når bussane berre køyrde forbi" saman med ei heil rekke velvalte og snille ord, før ho sa at det ikkje var hennar feil og la på. eg har litt dårleg samvit. unnskyld, bussdama!
etter å ha mista toget sprang eg bort til himmelen, eplehuset altså, og fekk henta ipoden min. det er ein av tinga eg elskar med apple, den fantastiske servisen dei har! sist veke reiste eg opp dit, utan kvitering, utan forsikring, og utan garantipapir, gjekk bort til kassa og sa "det er noko gale med ipoden min", og gav den til fyren i kassa. han såg litt på den, spurte etter namn og telefonnummer, og sa "greitt, du får ein ny neste veke". så enkelt er det.
i ♥ apple.

14.6.09

..hadde eg budd ein heilt annan stad. kanskje i london?
kanskje i paris, kanskje i berlin. strøket eg budde i hadde nok sett slik ut:


eg hadde hatt ei blå dør, sjølvsagt.


..og rommet mitt hadde sett slik ut:


eg hadde handla alle kleda mine på loppemarknad,
og slik hadde kleskapet mitt sett ut:


eg måtte hatt eit eige skap til skoa mine:


..og eit heilt anna rom til merkelege ting som eg berre kjøpte
fordi dei var så merkelege:


eg hadde kjøpt fine bestemorkoppar som eg drakk te i,
for om eg hadde vore nokon andre hadde eg sjølvsagt likt te.



..eg hadde og hatt mykje lengre fingrar enn det eg har no,
så lange fingrar at det var enkelt å spele gitar:


eg hadde vore flink til å sy, og laga alle kleda mine av slikt stoff:


om natta skulle eg lista meg ut for å skrive fine beskjedar
på forskjellige gatehjørne, berre fordi eg kan:





(alle bileta er henta frå min besteven - google)

13.6.09

Flickr

This is a test post from flickr, a fancy photo sharing thing.

5.6.09

sløve sumardagar

det er rart korleis små og enkle ord kan gje deg assosiasjonar til ting langt større enn seg sjølv. sjå på ordet sumar, til dømes. når eg tenker sumar tenker eg vatn, sol, seine sumarkveldar med nokon ein elskar, lav musikk, høg musikk, bading, is, hengekøyer, blå himmel, symjing, kyssing, dansing, festivalar, skulefri, smil, klemmar, gras, sandstrand, alkohol, turar, hestar, fotografering, å gå barbeint på varm asfalt, og det meste som er fint i verda. eg tykkjer sumar er fantastisk. det er tross alt berre om sumaren ein kan sole seg i hengekøya i hagen medan ein et is, les fin bok, og smilar til alt og alle.









;;