10.2.09

Kanskje.

No skulle eg ynskje eg var ein flink bloggar. At eg greidde å skrive om noko som er vanleg, keisamt og lite interessant på ein slik måte at det verka kjempeflott.



Eg er ingen særleg flink bloggar. Når eg skriv om dagen min, kva eg gjor på skulen, og kva eg skal ete til frukost i morgon (som forøvrig er cornflakes med masse sukker), blir det berre ein tekst om ein keisam dag, ein lang skuledag, og ein uinteressant frukost.



Nokre gonger høyrer eg på The Killers på bussen. Andre gonger legg eg meg for seint. Dagen i dag har vore prega av begge delar. Om eg lar vera å røyke kjem eg til å leve til eg er to hundre.



Eg skal innrømme at eg ikkje veit. Eg veit meir enn lite, og mindre enn alt. Dersom nokon ynskjer å dele framtida si med meg hadde det vore fint. Eg har nemleg ingen aning.



Det var ein gong. Det er nok slik framleis. Eg ser det ikkje. Men det er der. Forskjellen er at det er ikkje eg. Kanskje det ikkje er noko forskjell. Sofaen er nok framleis grøn. Det er vel det eg og er.

9.2.09

Glad.

Det farligste for likestillingen
er myten om at vi har det.

- Ingunn Yssen

Helga mi har vore fin. Eg og Ole har vore på regionårsmøte for Raud Ungdom i Bergen, og der har me lært masse nytt, og hatt det gøy! Ganske teit at eg eigentleg er litt for sjenert for sånne ting, menhei! Eg var værre før. (stavar ein det "værre", forresten? eg er trøytt)

Laurdag farga eg håret mitt. Det var fint, for eg var temmeleg lei av ettervekst. No er håret raudt, og eg likar det!


2.2.09

Ja.

Dagen min har vore litt fin. Den byrja bra. Eg vakna i armane til den finaste guten eg kjenner, og sjølv om det var kaldt i rommet, under frysepunktet utanfor, og eg måtte vente eit kvarter lenger enn eg pleier på å kome inn til gymtimen, gjor det ingenting, fordi eg fekk høyre han ynskje meg ein god morgon, og kjenne at han kyssa meg i panna.

Å starte skuledagen med gym er faktisk ikkje ein særleg dårleg ide. Spesielt ikkje når ein eller annan ekstremt vakker, fantastisk og nydeleg person har sette på varmekablane inne i dusjen, slik at eg og Anette la oss ned på gulvet for å varme oss.
I gymmen i dag hadde me dans, og det er alltid like fantastisk å sjå ti sytten-attenåringar danse line-dance.

På onsdag blir det ope møte i Vaksdal Raud Ungdom, forresten! Her er Facebook-eventen (ohmygod, me er mainstream og høyteknologiske ftw), og eg skulle ynskje at DU meldte deg på!

;;