26.1.09

I fell right through the cracks
Now I'm trying to get back


25.1.09

Aldri

She speaks in
third person
so she can
forget that
she's me.




23.1.09






































I dag er det ein slik dag.
Det er så mange fine minner. Eg har sett igjennom bilete i dag. Gamle, fine, trygge og gode bilete. Det var først etter eg hadde lagt dei ut på bloggen at eg merka det. Alle bileta er tatt om sumaren. Det er festival, med varmt øl, varme telt, varmt badevatn, varm asfalt og kald is. Det er Spania, med palmer, sand, delfinar og reggae-barar. Det er Oslo, med dei flottaste menneska eg veit om. Det er Bergen, med sol, den blå steinen og første mai. Det er Liza Michelle, Nina Helene, Matias, og Line. Og det er Ole. Det er så fint. Og eg elskar det så høgt.

I går var eg kreativ. Litt, i alle fall. Eg gjor skulearbeid. Laga taco. Snakka med Ole i telefon. Ole er i Oslo i helga. Landsstyremøte i Raud Ungdom. Ole er så flink. Til mykje. Til alt. Ole er den finaste eg veit om.
Men for å kome tilbake til heile den delen om kreativitet:
Ved hjelp av Bergens Tidende frå i fjor, ei lita papplate, saks og teip, laga eg denne her.



Eg veit ikkje heilt. Eg trur eg har ein forkjærleik for slike ting. Uansett. Eg er glad i dag. På grunn av mange ting. Alle dei fine hendingane. Og på grunn av ho. Min beste ven. Eg er så stolt over deg.




6.1.09

Fritt Palestina!

Dei aller fleste har nok fått med seg det som skjer i Palestina for tida. Sidan første juledag er over seks hundre palestinarar drepne, derav nestan to hundre er born, og rundt tre tusen skadde. Det blir sagt at Israel berre skulle drepe sympatisørar og medlemmar av Hamas, men i følge FN er rundt tjue prosent av dei drepne, og førti prosent av dei skadde kvinner og born. Kor lenge skal dette få fortsetje? Kor lenge skal Vesten lukke augo sine, late som om ingenting skjer? Kvifor får Israel halde fram med denne terrorverksemda, og kvifor grip ingen inn?

Det blir sagt at Israel berre angrip legitime mål, og seier i frå før dei angrip, slik at sivile kan kome seg i sikkerheit. Det er to store hol i denne påstanden.
For det første:
Er grønnsaksmarknadar legitime mål? Er moskear legitime mål? Er parlamentsbygningar legitime mål? Er FN-styrte borneskular legitime mål? Svaret er nei.
For det andre:
Nokre gonger varslar Israel om angrepa, det er sant. Dette skjer via flygeblad i gatene. I dette er det igjen to store feil. Korleis forventar dei at alle sivile palestinarar skal få med seg dette? Det er blodbad i gatene. Forventar Israel at palestinarane skal gå ut i gatene, der dei risikerer å bli drepen, for å leite etter flygeblad som kanskje har kome? Og dersom dei får beskjeden, og er klar over angrepa, kvar skal dei gøyme seg? Det er ikkje særleg mange bomberom for Gaza å beskytte seg i. Dermed har det lite å seie om Israel advarer, fordi dei aller fleste ikkje har nokon stad å gå uansett.

Israel har rett til å forsvare seg sjølv, blir det sagt. Sjølvsagt - dette er ein rett alle land har. Men dersom det verkeleg er slik, at alle har rett til å forsvare seg, kvifor har ikkje då palestinarane denne retten? Kvifor blir palestinarane sin fridomskamp omtalt som terrorisme? Tenk over det. Palestina har ikkje noko forsvar. Palestina kan ikkje kalle fridomskampen sin for "millitære aksjonar" og gøyme seg bak flotte ord utan meining. Lat oss sjå på det på ein annan måte:

Filmen om Max Manus er ein stor kinosuksess på norske kinoar for tida. Me ser tilbake på motstandsheltane frå andre verdskrig, og berømmer dei for alt det bra dei gjor for Noreg. Men eg må nestan spørje, kvar er eigentleg forskjellen på norske motstandsfolk under andre verdskrig og palestinske motstandsfolk no? Noreg var under okkupasjon av nazi-Tyskland. Palestina er under okkupasjon av Israel. Det norske folk ble drepen, utnytta, diskriminert, og urettferdig behandla av den tyske okkupasjonsmakta. Det palestinske folk blir drepen, utnytta, diskriminert, og urettferdig behandla av den israelske okkupasjonsmakta. Dei norske motstandsfolka forsvarte landet sitt. Dei palestinske motstandsfolka forsvarar sitt land. Kvar er forskjellen? Eg ser den nemleg ikkje.

Enkelte seier at angrepa er Palestinarane si feil, og at dei har bragt det på seg sjølv, sidan dei braut fredsavtalen, og har "provosert fram angrepa". Israel er tydelegvis full av sjølvmotseiingar, for det var på ingen måte Palestina og Hamas som braut fredsavtalen. Det var Israel. Og dersom me skal snakke om provosering, og å legge opp til angrep kan me vel først byrja med Israel. Israel har okkupert store delar av Palestina. Israel har utallige checkpoints, og undertrykker palestinarane dagleg. Israel har ein blokkade av Gaza, som nektar innbyggjarane livsnaudsynlege ting som vatn, straum, skikkelige sjukehus, medisinar, humanitær hjelp, drivstoff, og i det heile tatt. Lat oss sjå på tal henta frå denne sida: (legg merke til at hendingane dei siste vekene ikkje har blitt tatt med)

Sidan september 2000:
- 123 israelske born har blitt drepen.
- 1050 palestinske born har blitt drepen.
- 1062 israelarar har blitt drepen.
- Minst 4876 palestinarar har blitt drepen.
- 8341 israelarar har blitt skada.
- 33034 palestinarar har blitt skada.

I tillegg har Israel i perioden 1955-1994 brutt 55 FN-resolusjonar, medan Palestina ikkje har brutt nokon. Palestina held ein einaste israelsk fange, medan Israel held 10756 palestinske fangar. Israel har 223 ulovlige busetningar på Palestinsk jord. Palestina har ingen på Israelsk. Kven er det eigentleg som lider i denne konflikta?

"Israel er våre venar" blir det sagt. Eg veit ikkje med dykk, men eg foretrekk venar som ikkje badar i uskuldige menneske sitt blod. Israel er ikkje mine venar.

FRITT PALESTINA!

1.1.09

Oppsummering 2008

FØRST AV ALT:
Eg og Ole har vore saman i to år i dag! Ole, eg elskar deg.

Januar:

31.12/01. 01 hadde eg og Ole vore saman i eitt år, me var på Osterøy saman med Matias og sånt, såg på rakettar og spelte store mengdar CS, nerd love, i know. Matias ble eid, forresten. Matias, du er ganske dårleg på 1.6. Eg er glad i deg uansett, då.
31.01 fylte Ole atten år, og alt var flott og fint, bortsett frå at eg framleis gjekk på Voss, det var kaldt og vått og fælt og Vossete.
Februar:
Løysing på kulde- og Vossproblemet for ei veke, reiste til Kanariøyene saman med mine foreldre, noko dei fant ut under ei veke i forvegen, spontanitet 4everrrr. Kjøpte meg nytt kamera og objektiv, og hurra.
Mars:
Vinterferie - ei veke etter alle andre eg kjenner, damn you, Voss! Feirte bursdagen til Sol ein eller annan stad på Danmarksplass. Ganske gøy, før skumle svenskar med parykk vimsa rundt og knusa egg, samtidig som eg mista telefonen min i dassen medan eg snakka med Kjersti, noko ho tok opp. "Oi, no skal eg ikkje miste telefonen i do! OI! *boblelydar og diverse* OLE! EG MISTA TELEFONEN... Eh. Kjersti? Eg trur eg må legge på."
April:
Var i Oslo, møtte Nina, Ingeborg, Joakim, Olaf og ein god del andre menneske, noko som var kjempeflott! Eg fekk møte Nina for fyrste gong, på tross av at me hadde kjend kvarandre i eit heilt år på den tida, samt at eg fekk køyre trikk for fyrste gong. Sære greier.
Mai:
Førstemai feira eg i Bergen, der eg gjekk i tog og hadde det flott, ellers kan eg ikkje hugse noko særleg anna eg gjor den månaden. Sekstande og syttandemai har aldri vore store dagar for meg, eigentleg. Bortsett frå når eg var lita og framleis tykte is og kino var det beste med livet, sjølvsagt.
Juni:
Skuleferie, og eg greier ikkje beskrive den kjensla eg hadde når eg sette meg på bussen heim frå Voss Husflidskule for siste gong. Ah.
Juli:
Eg og Ole var heime åleine hos han i tre-fire veker, noko som var flott! Sol, bading, relativt store mengdar alkohol frå Ole si side, noko som resulterte i ein del rulling i eige oppkast, men det gjekk då bra. I tillegg tykkjer eg litt synd i Matias, for når det var mørkt og Ole var på jobb var det Matias som ble plaga med telefonar fordi eg var redd. Takk, Matias! Juli var den månaden eg fant ut at eg kom inn på Garnes, noko som fekk meg til å grine av klede.
August:
Malakoff Rockfestival! <3 style="font-weight: bold;">September:
Eg fylte atten, og fekk ein fantastisk vakker, stilfull og generelt sett nydeleg MacBook! Stort vendepunkt i livet mitt.
Ope møte i Vaksdal Raud Ungdom, der Mari Eifring, leiaren for RU kom å snakka. Koselege greier! Etterpå reiste eg, Ole, Nina og Sjur heim til meg, der me åt taco og drakk voksenbrus. Heh.
Oktober:
Ole byrja å gle seg til jul, og eg irriterte meg over julebrus i butikkane.
Konsert med Gatas Parlament på Hulen! Woho!
November:
Globaliseringskonferansen! Fantastiske tida. Eg saknar det, eg. OG EG MØTTE KRISTOFFER SOM ER AWESOME OG PWNAGE OG I DET HEILE TATT!!!!!!!!!!1one og han var irriterande og vimsete og teit og dyttete og hore. MEN HAN ER AWESOME UANSETT DÅÅÅ
Desember:
Stress med tusen forskjellige innleveringar og bæsj, og generelt sett stressing, men eg overlevde.

No er klokka halv seks, og det er morgon. Eg skal sove.

;;