6.1.09

Fritt Palestina!

Dei aller fleste har nok fått med seg det som skjer i Palestina for tida. Sidan første juledag er over seks hundre palestinarar drepne, derav nestan to hundre er born, og rundt tre tusen skadde. Det blir sagt at Israel berre skulle drepe sympatisørar og medlemmar av Hamas, men i følge FN er rundt tjue prosent av dei drepne, og førti prosent av dei skadde kvinner og born. Kor lenge skal dette få fortsetje? Kor lenge skal Vesten lukke augo sine, late som om ingenting skjer? Kvifor får Israel halde fram med denne terrorverksemda, og kvifor grip ingen inn?

Det blir sagt at Israel berre angrip legitime mål, og seier i frå før dei angrip, slik at sivile kan kome seg i sikkerheit. Det er to store hol i denne påstanden.
For det første:
Er grønnsaksmarknadar legitime mål? Er moskear legitime mål? Er parlamentsbygningar legitime mål? Er FN-styrte borneskular legitime mål? Svaret er nei.
For det andre:
Nokre gonger varslar Israel om angrepa, det er sant. Dette skjer via flygeblad i gatene. I dette er det igjen to store feil. Korleis forventar dei at alle sivile palestinarar skal få med seg dette? Det er blodbad i gatene. Forventar Israel at palestinarane skal gå ut i gatene, der dei risikerer å bli drepen, for å leite etter flygeblad som kanskje har kome? Og dersom dei får beskjeden, og er klar over angrepa, kvar skal dei gøyme seg? Det er ikkje særleg mange bomberom for Gaza å beskytte seg i. Dermed har det lite å seie om Israel advarer, fordi dei aller fleste ikkje har nokon stad å gå uansett.

Israel har rett til å forsvare seg sjølv, blir det sagt. Sjølvsagt - dette er ein rett alle land har. Men dersom det verkeleg er slik, at alle har rett til å forsvare seg, kvifor har ikkje då palestinarane denne retten? Kvifor blir palestinarane sin fridomskamp omtalt som terrorisme? Tenk over det. Palestina har ikkje noko forsvar. Palestina kan ikkje kalle fridomskampen sin for "millitære aksjonar" og gøyme seg bak flotte ord utan meining. Lat oss sjå på det på ein annan måte:

Filmen om Max Manus er ein stor kinosuksess på norske kinoar for tida. Me ser tilbake på motstandsheltane frå andre verdskrig, og berømmer dei for alt det bra dei gjor for Noreg. Men eg må nestan spørje, kvar er eigentleg forskjellen på norske motstandsfolk under andre verdskrig og palestinske motstandsfolk no? Noreg var under okkupasjon av nazi-Tyskland. Palestina er under okkupasjon av Israel. Det norske folk ble drepen, utnytta, diskriminert, og urettferdig behandla av den tyske okkupasjonsmakta. Det palestinske folk blir drepen, utnytta, diskriminert, og urettferdig behandla av den israelske okkupasjonsmakta. Dei norske motstandsfolka forsvarte landet sitt. Dei palestinske motstandsfolka forsvarar sitt land. Kvar er forskjellen? Eg ser den nemleg ikkje.

Enkelte seier at angrepa er Palestinarane si feil, og at dei har bragt det på seg sjølv, sidan dei braut fredsavtalen, og har "provosert fram angrepa". Israel er tydelegvis full av sjølvmotseiingar, for det var på ingen måte Palestina og Hamas som braut fredsavtalen. Det var Israel. Og dersom me skal snakke om provosering, og å legge opp til angrep kan me vel først byrja med Israel. Israel har okkupert store delar av Palestina. Israel har utallige checkpoints, og undertrykker palestinarane dagleg. Israel har ein blokkade av Gaza, som nektar innbyggjarane livsnaudsynlege ting som vatn, straum, skikkelige sjukehus, medisinar, humanitær hjelp, drivstoff, og i det heile tatt. Lat oss sjå på tal henta frå denne sida: (legg merke til at hendingane dei siste vekene ikkje har blitt tatt med)

Sidan september 2000:
- 123 israelske born har blitt drepen.
- 1050 palestinske born har blitt drepen.
- 1062 israelarar har blitt drepen.
- Minst 4876 palestinarar har blitt drepen.
- 8341 israelarar har blitt skada.
- 33034 palestinarar har blitt skada.

I tillegg har Israel i perioden 1955-1994 brutt 55 FN-resolusjonar, medan Palestina ikkje har brutt nokon. Palestina held ein einaste israelsk fange, medan Israel held 10756 palestinske fangar. Israel har 223 ulovlige busetningar på Palestinsk jord. Palestina har ingen på Israelsk. Kven er det eigentleg som lider i denne konflikta?

"Israel er våre venar" blir det sagt. Eg veit ikkje med dykk, men eg foretrekk venar som ikkje badar i uskuldige menneske sitt blod. Israel er ikkje mine venar.

FRITT PALESTINA!

2 Comments:

  1. Anonym said...
    Det var også et tiltak der de kunne få bombevarsel på sms, slik at de kunne flykte bort et par kvartal. Som vi alle veit er bombing ekstremt presist.
    Stine said...
    Jeg forguder dette innlegget. Du er så utrolig flink til å skrive!
    Det at noen støtter Israel er totalt bak mål. Jeg kommer aldri til å skjønne meg på dem.

Post a Comment