15.7.09

regn

det er femten år sidan, for eg var snart tre, fryktlaust sjenert og befriande livredd. eg trur eg var mindre enn meg sjølv, for det kan ein vera når ein er snart tre og har majones i håret fordi ein er dårlegast i verda på å ete. eg var ikkje særleg god til å syngje, men eg fekk heller aldri tid til å prøve - eg kasta sand på dei andre og skreik når eg måtte inn. det var meg i paradiset, for eg kunne sjå heile verda frå der eg sto, aldri ville eg flytte meg. når det regna fekk eg vera inne, helst under bordet og bak gardina. kanskje det var best slik, eg trur aldri du la merke til meg, sjølv om du sa namnet mitt fleire gonger. det var umogleg å slutte å smile, for eg hadde vind i håret og fotballkort i lomma. eg trur ikkje mjølkekartongane var særleg mykje meir interessante på den tida, og sjølv om eg hadde kunna lese ville eg nok ikkje funnet særleg stor glede i det.

hair

1 Comment:

  1. Sol-Mari said...
    Det raude og det graune er nydeleg saman. Det er du òg. Saman eller delt i to.

Post a Comment