5.7.09

ferie

nokre gonger når det er fint vær og sola har gått ned er det flott å liggje i graset og berre sjå opp mot himmelen. då tenker ein over kor flott allting eigentleg er, og legg merke til fine detaljar som ein har oversett tidlegare. ein tenker på kor fint ein har det, på alle ein er glad i, og på at ein aldri vil at sumaren skal forsvinne. er ein heldig får ein liggje der i nokre minutt før ein merkar at ein blir oppeten av mygg, men det gjer ingenting, for då hoppar ein berre litt vidare, tar bilete av alt og smilar breiare enn dei fleste.

andre gonger reiser ein for å bade, og det er min favoritt. då plasker ein rundt i vatnet som små born, medan latteren boblar ut frå dei glade kroppane, og ein tenker at no, no er det umogleg å bli meir lukkeleg, men to sekund seinare, då den fine kjærasten eins dyttar ein litt forsiktig i ryggen og gjer ein ein stor klem medan han smiler, dei blå augo hans lysar og i eit par augneblikk verkar det som om sola skin ekstra sterkt og at heile verda plutseleg står stille og berre består av ein sjølv og han fine, og ein smilar og ein smilar og ein smilar og ein vil aldri at det skal slutte, då merkar ein at lukka eigentleg aldri tar slutt, og ein ynskjer at foralltid kan vera slik.

0 Comments:

Post a Comment