9.12.08

Senhor Yenso


Blå Morpho sumarfugl.

Eg er ferdig med Himmelblomsttreet av Gert Nygårdshaug. Den var så spanande at eg faktisk gløymde å sove i går natt. Eg satt våken heile natta og las, og plutseleg ringte Ole for å vekke meg. Då hadde eg eit par sider att av boka, som eg las på bussen på veg til skulen. Himmelblomsttreet er den mest fantastiske boka sidan Mengele Zoo. Eg veit eigentleg ikkje kva av bøkene eg likar best, dei er så forskjellige, sjølv om dei er ganske like. Eg har ikkje greidd å fått nokre av bøkene ut av hovudet enda, og går framleis å tenker på personane i bøkene, og funderer på kva som kjem til å skje vidare. Himmelblomsttreet slutta midt i ei setning. Kor irriterande er ikkje det?

"nå, nå hører jeg noen - noen kommer - kjære Niels Oder!
jeg hører skritt som stanser utenfor døren -
denne døren - må jeg dø - nå?
Jeg"

ARGH. Er det mogleg. Det mest spanande augeblikket i boka, og så stoppar det. Men det går bra. Eg har allereie utvikla masse forskjellige teoriar til kva som skjer vidare, så eg kan vel eigentleg velje og vrake så mykje eg vil.

No sit eg å høyrer på Jokke og Valentinerne og arbeider med pros
jekt til fordjupningsoppgåva mi. Det er ganske flott, eg har tatt bilete av Kjersti, Annelene og Ole, dei var flinke modellar! Hurra! Takk til dei. Snille folka. Eg skal ta fleire bilete av Ole i dag etter skulen, det blir gøy. Eg likar å ta bilete i studio, i grunn.
I går var eg på besøk til Line rett etter skulen! Det var kjempekoseleg. Kevin er den søtaste ungen i verda. <3


"For en artig fyr, for en morsom humor
Man kan alltids håpe at den føflekken er en tumor
For en herlig gjeng, for et lystig lag
For en herlig by og for en gjennomført j
ævlig dag."

Slik ser dei fine skoa mine ut:


Og om nokon har lurt på korleis
utsikta frå soverommet mitt er,
er det altså slik som dette:




1 Comment:

  1. Anonym said...
    Afrodites Basseng neste, kos deg:) Hilsen
    Oliver Trix

Post a Comment