28.12.08

Update

Det er mange formål jeg ville ha dødd for.
Det er ingen formål jeg ville ha drept for.
- Mahtma Gandhi

No er det lenge sidan eg har blogga. Delvis fordi eg stressa sjukt mykje rett før ferien, og delvis fordi at når eg først fekk ferie har eg tilbrakt minimalt med tid på dataen. Eit par dagar var eg faktisk utan internett i tillegg. Framover skal eg vera flinkare til å blogge! Lover. Sjølv om ingen mest sannsynleg bryr seg, sidan eg aldri får kommentarar frå andre enn Matias. Takk til Matias, i alle fall!

Sidan det har vore jul, tenkte eg å skrive ned det eg fekk i julegåve, og så kan eg heller poste bilete når eg kjem heim. Eg er nemleg hos ole no. Okey, here we go:

- I alt 2000 kroner i kontantar
- To gåvekort
- Charlotte Isabel Hansen av Tore Renberg
- Kurt blir grusom av Erlend Loe
- Fleecepledd
- Icanhascheezburger - a lolcats collekshun
- Rosa iPod Nano!!!!!!!!11one

Eg trur eg har gløymd nokre småting, men det får berre vera. Eg er i alle fall ganske så nøgd! Julafta i seg sjølv var sær. Sidan besteforeldra mine var for dårlege til å reise nokon stad, reiste me til Dale for å feire jul der. Eg laga meg potestappe med supermasse chili og pepper i, samt soyaprodukterstatningskjøtdeigsomikkjeerkjøt-opplegg, noko som er kjempegodt, og mykje betre enn all verdas julemat. Julemat er relativt ekkelt, i grunn. Æsj. Uansett, når me hadde vore der ei god stund var det tid for å reise heim att, fant me ut at det ikkje var plass til gåstolen til min bestefar i bilen. Og kva gjer ein i slike tilfeller? Ringer Anjas gåstolservice, sjølvsagt! Det endte med at eg gjekk i kjole og stiletthelar saman med ein gåstol ned på pleieheimen. Hurra for meg! Det er faktisk ganske så vanskeleg å gå med gåstol! Spesielt i nedoverbakke.

Eg byrja på dette blogginnlegget for to dagar sidan, men eg rakk aldri å bli ferdig. No sit eg hos Ole, og me skal heim til meg snart. Først skal me til Arna for å kjøpe champanie, sigar og diverse anna, hurra for nyttårsafta! Første januar har eg og Ole faktisk vore saman i to år, og det må jo og feirast, sjølvklart! Det blir nok ein tur på kino og å ete litt og slike koselege ting. No har Ole hoppa i dusjen, og det er meininga eg skal vera klar til å gå når han kjem ut att, så eg får vel setje i gong snart. Eg må berre seie tusen takk til Ole først, som er så snill og laster ned Kingdom Hearts til PCen sin, slik at eg skal ha noko å gjere på når han speler Fallout. Søte Ole!

Snakkez!

2 Comments:

  1. Camilla Didriksen said...
    Så mye fint du fikk til jul da :)
    Anonym said...
    Godt nyttår teiting!<3

Post a Comment