4.12.08

Morpho

"Praktisk politikk er kunsten å ignorere fakta."


I går tok eg bilete av Kjersti og Ole til prosjekt til fordjupning. Det gjekk ganske bra, og eg er bra nøgd med nokre av dei. Tenkte å poste bilete av eit par i morgon på skulen, sidan dei ligg på skulepcen, som (heldigvis) ikkje er med meg heim. Kjersti er ein slik flink modell! I morgon skal eg kanskje ta litt fleire bilete, dersom Annelene har tid til å vera modell. Hurra for Annelene!

I dag har eg vore med Ole. Me reiste først til Bergen fordi Ole skulle kjøpe nokre greier han treng til eit skuleprosjekt. Medan han handla det gjekk eg å kjøpte pizza i Marken, der dei selg verdas meste margarita-pizza kjempebillig! Den koste me oss med på togturen heim, men me var framleis svoltne då me kom heim til meg. Me åt nokre ferdigmat for veggisar, samt potetstappe, og det var kjempegodt! Etterpå satt me på rommet mitt utan å gjere særleg mykje konstruktivt. Særleg sidan eg var så utslitt at eg sovna, og sov vekk halve tida han var hos meg. Teite meg! Når eg våkna, etter ti minutt med intens plaging frå Ole si side, såg me på Miami Ink, før Ole tok åttebussen heim.

Eg er trist. Har lest ut Mengele Zoo, og eg ville ikkje at den skulle ende! Dessutan var endinga trist. I morgon skal eg kjøpe oppføgjaren til boka, trur eg, og det gler eg meg skikkelig til! Mengele Zoo er utan tvil ein av dei beste bøkene eg har lest. Det skjedde noko med meg medan eg las ho, utan at eg heilt kan forklare kva det var.

"Langt, langt borte, på den andre siden av havet, sto en vakker kvinne kledd i gult. Hun sto ved et lite anonatre som hadde vokst flere meter siden hun så det sist.
Under armen bar hun et lite staffeli, et lerret, noen fargetuber og pensler. Langsomt gikk hun ned de treogfemti trinnene til bryggen. Rekkene av skjell lå der fremdeles. Hun stirret utover mot horisonten. Hun skulle vente. Og mens hun ventet skulle hun male.
Hun skulle male havet."

Dette var dei siste seks linjene i boka. Eg får frysningar kvar gong eg les det.
Eg anbefalar verkeleg alle om å lese Mengele Zoo! No skal eg ete og legge meg. Natta.

0 Comments:

Post a Comment