21.11.08

annelene den pene

i dag skal eg skrive eit innlegg om annelene, sidan ho spurte så fint om eg kunne. annelene er sofistikert med raud kåpe og kvit hatt. annelene draumar rare draumar som involverer meg og piccolohattar. annelene mislikar bindestreken i namnet sitt, og difor har eg sensurert den. annelene er søt. annelene er flink. annelene er sær. annelene eig i hangman, sjølv om ho ikkje greidde å gjette at ordet mitt var "marxistleninisme". annelene har ikt saman med meg. annelene lagar adjektivhistorie. annelene er ein storbrukar av onomatopoetikon, og høyrer du "ja, og så berre SWOOSH og BAM og CHOW og FOOOSHHHH" er det mest sannsynleg annelene. annelene er sikkert kjempelei av å lese namnet sitt no. HURRA FOR ANNELENE!

8 Comments:

  1. Anonym said...
    aawe! hihi, no varma det langt inn den innerste delen av hjertet mitt^^,
    Anonym said...
    Annelene høyres betre ut enn Anne-Lene : D
    Anonym said...
    Jeg vil og ha innlegg ._.
    Anonym said...
    Ja, Annelene er MYKJE bedre enn Anne-Lene!:D
    Anonym said...
    Er det ikke bare å bytte navn? Det er vel bare å fylle ut et skjema og søke? : D
    Anonym said...
    AnneLene er søt :D
    Anonym said...
    jo, eg trur eg skal gjere det!!
    Uhu, det er ein anonym person som syns eg er søt!:D
    Anonym said...
    Gjett kem den anonyme personen e då?

Post a Comment