23.11.08

where the wild roses grow

the ability to speak does not make you intelligent.
- qui-gon jinn, the one and only

eg får kjensla av at eg byrjar å bli vaksen, og det er litt skummelt. eg ynskjer meg bøker til jul, og i dag drakk eg te, tok vitaminer og åt druer medan eg såg film. riktig nok likte eg ikkje teen, og vitaminane eg tok var sånne brusetabeletter som er kjempegøye fordi dei bobler når dei kjem i kontakt med vatn, pluss at den eine boka er ei barnebok, men likevel. sånn for å gjere opp for det plutselege anfallet av voksensyndromet bestemte eg meg for å ete popcorn med salsadip.

eg nevnte at eg ynskjer meg bøker til jul. det er ikkje berre bøker, det er fantastiske bøker! eg blir kjempeglad i den som kjøper dei til meg.
- charlotte isabel hansen - tore renberg
- mengele zoo - gert nygårdshaug
- kurt blir grusom - erlend loe

i sta fant eg ut, via facebook, at me har norskprøve i morgon, noko eg sjølvsagt hadde gløymd. eg har og sjølvsagt gløymd norskboka på skulen, så eg kan ikkje øve. eg burde lagt meg for lenge sidan, men likevel skriv eg blogg om alt og ingenting. gløym det med bøkene, den som gjer meg sjølvdisiplin kjem til å vera min personlege helt heilt til eg døyr.

1 Comment:

  1. Anonym said...
    Eg ønska meg bøker på barneskulen. Eg er endå ikkje vaksen : D

Post a Comment