20.11.08

hey jude


jeg har mange ganger møtt folk som har kjøpt dopapir
og hatt lyst til å spørre om de skal hjem og bæsje.
- erlend loe


dagen i dag har vore ganske lite produktiv. i første time hadde me engelsk, og då såg me filmen whale rider. den er fantastisk. eg trur faktisk at den er ein av mine favorittfilmar. den er vakker. den fekk meg til å ynskje at eg hadde ei interessant kultur, slik som dei i filmen. noreg er keisam. kulturen i noreg er keisam. landskapet i noreg er keisamt. eg mislikar det meste med heimlandet mitt, og når eg blir stor håpar eg på å flytte herfrå. i alle fall frå heimbygda mi. andre time hadde me samfunnsfag, og det var koseleg som vanleg. me har om politikk no, og eg likar det. dessutan har me alltid veldig interessante diskusjonar i samfunnsfagen, slik som om tyrkisk pepper inneheld lakris eller ikkje, noko det gjer, som du kan sjå på denne sida her. Uansett. Etter mat hadde me media, og me arbeider med eit dvd-cover. det er ganske gøy, men eg må ta nokre bilete heime, eventuelt heime hos ole, så det er ikkje så mykje eg kan få gjort før helga. så i mediatimane har eg, karianne og leiv-runar (nei, eg kjem aldri til å skrive "leif'en") vore inne i studioet for å ta bilete, og det var jo ei oppleving. eg skal poste nokre av bileta seinare. me ble litt overengasjerte, noko som førte til at eg tryna av ein krakk og reiv ned masse papirgreier. når me skulle rydde måtte me klippe papirgreia bein att, og leir utbraut "eg kan ikkje klippe, for eg er så skeiv". fantastisk.

etter skulen tok eg bussen med ole ned til arna, kjøpte mat, og satt på med min far heim. eg såg siste halvdelen av home&away (<3), åt, såg friends, dharma&greg, 70s show og hannah montana. JA, EG LIKAR HANNAH MONTANA, OG EG ER STOLT AV DET. vel, ikkje så veldig, anyway. innimellom har eg arbeida litt på dvd-coveret mitt, medan eg har høyrd på my little pony og lengta etter sumar, festival, venar, bading og ferie. eg gler meg så ubeskriveleg til neste sumar. håpar verkeleg me reiser på malakoff, slik som me gjor i år. søtaste festivalen som finnes. dei tre dagane var rein sumaridyll.















dette er meg og ole anten før eller etter ei reporterdame frå avisa 'hallingdølen' kom å skulle intervjue oss. eg trur det var under hellbillieskonserten. me fekk bilete av at me kyssa i avisa, faktisk, og under bilete sto det noko slikt som "ole mjelstad (18) frå osterøy og anja rolland (17) frå vaksdal har vore saman i halvanna år og er like forelska. "båt på land" er bra musikk å kline til, synes dei."










oh yes, eg og ole er big in hallingdal.
klokka er berre ti, men eg er kjempetrøytt og vil sove. det kan ha noko med å gjere mi varierande døgnrytme, menhei, kven klagar. ikkje eg, i alle fall. eg trur eg skal leggje meg snart. ute er det kjempekaldt og masse snø (!) og det blir ikkje særleg flott å gå til bussen i morgon tidleg. greitt nok at busstoppet er hundre meter frå huset, men dei hundre metera består av ein monsterbakke som veit å dytte meg overende. det har kanskje noko med å gjere at eg ikkje har skikkelige vintersko, så ikkje bli forundra dersom du ser meg skli forbi deg i morgon. i morgon er det uansett fredag, så då gjer ingenting noko. ole skal vera med meg heim, me skal kose oss med pizza, godteri og star wars, og laurdag og søndag skal me på bøllekurs! :D eg skal, i alle fall. ole skal berre lage mat og vera undertrykt. hurra!

kva er ditt beste sumarminne?

1 Comment:

  1. Anonym said...
    Eg skal og verte undertrykt, forhåpentlegvis : D

Post a Comment