19.11.08

ei kvinne treng ein mann slik ein fisk treng ein sykkel


eg hadde skrevet eit halvferdig blogginnlegg, då eg oppdaga at det eg hadde skrevet var utåleleg keisamt. kva er vitsen med å skrive blogg dersom den er så lite underhaldande at berre du sjølv og dei som er ytterst interessert i livet ditt, les: matias, orkar å lese det? eg vil ha ein kjempeflott blogg med masse lesarar og minst femogtjue kommentarar på kvart innlegg. problemet er berre at eg ikkje anar kva eg skal skrive. ikkje no, i alle fall. døgnrytmen min har tatt frå meg det vesle eg hadde av kreativitet. as it turns out, fem timar søvn på to døgn har skaptein slags inspirasjons-blackout i hjernen min, og eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere med det. as for now vel eg å ikkje gjere noko som helst, og heller poste ei slags ønskeliste til jul, utan å ta med ynskjet om sjølvkontroll, som eg så fint skreiv om i sist innlegg. det er lov å kjøpe presangar til meg sjølv om eg ikkje feirar jul, veit dykk.

Star Wars Episode I: the phantom menace på dvd
den einaste sw-filmen eg manglar på dvd. eg har den på vhs, men eg manglar vhs-spelar. dermed har du valet om å kjøpe filmen på dvd eller ein hvs-spelar til meg.

Palestinaskjorte
og det meste andre i den nettbutikken, slik som gatas parlamentskjorte, ei anna gatas parlamentskjorte, denne skjorta og denne skjorta.

hank & mari-skjorte
som eg eigentleg skulle kjøpe på globaliseringskonferansen, men ikkje hadde pengar til.

icanhascheezburger: a lolcat colleckshun
berre fordi det er totalt fantastisk, eigentleg.

ei gigantisk seng
med ei deilig madrass.


kva ynskjer du deg til jul?

4 Comments:

  1. Anonym said...
    *kommentere femogtjue gonger* Gratulerer med endå ein ny blogg. Eg er glad i deg <3
    Anonym said...
    EG YNSKJER MEG DEG TIL JUL <3
    anja said...
    Hahahawww.
    Anonym said...
    Ole er søt : D

Post a Comment