24.11.08

let it be

noreg er eit deilig land å reise til utlandet frå.
- jens bjørneboe


eg fant den søtaste samanlikninga for ei stund sidan. det er lista opp med masse forskjellige kjende vegetarianarar, slik som albert einstein, ghandi, leonardo da vinci, bob dylan, the beatles, and so on. lenger nede var det ei liste over kjende kjøtetarar, slik som hitler, mussolini, napoleon, saddam hussein, mao zedong, ghengis kahn og pol pot, og nederst sto det "point proven". knis. vegetarpropaganda, eg veit. og sidan eg er så godt i gong kan eg like godt fortsetje med ei rekke sitater om vegetarisme, oversett på nynorsk for your amusement.

paul mccartney:
når eg ser bacon ser eg ein gris, og det er difor eg ikkje kan ete det. dersom slakteri hadde hatt glasveggar hadde alle vore vegetarianarar.
albert einstein: ingenting vil gavne mennesklig helse og auke sjangsane for overlevelse for jorden så mykje som overgongen til ein vegetarisk diett.
pythagoras: så lenge mennesket massakrerer dyr vil dei drepe kvarandre. sanneleg, den som sår frø av mord og smerte kan ikkje hauste glede og kjærleik.
moby: kan du sjå eit dyr inn i augene og seie "min appetitt er viktigare enn din lidelse"?

kva tykkjer du om vegetarisme?

eg tykkjer, dersom ingen har fått det med seg, at sitatar er forferdeleg gøy. difor skal eg poste nokre dumme sitat.

george w. bush er så heldig å få sin eigen kategori:
- eg er for strengare dødsstraff.
- dersom me sprengte kvarandre i lufta hadde verda vore trygg.
- i nasa er verdsrommet framleis høgt prioritert.
- eg kjenner meg beæra av å ta ein modig irakar som har fått handa si kutta av av saddam hussein i handa.
- meir og meir av vår import kjem utanfrå.
- våre fiendar er oppfinnsame og ressurssterke. det er me og. dei sluttar aldri å kome på nye måtar å skade vårt land og vårt folk på. det gjer ikkje me heller.
kristin krohn devold: tyskland har vore ein av våre viktigaste allierte i europa, alltid.
christer falch: eg har aldri utalt meg negativt om stand-upkomikarar. eg har berre sagt at eg håper dei døyr alle saman.
gerald ford: dersom lincoln var i livet i dag, ville han snudd seg i grava.
al gore: me kjem til å ha dei best utdanna amerikanarane i verda.



1 Comment:

  1. Anonym said...
    Eg likar vegetarisme eg, og eg likar deg : D

Post a Comment