27.11.08

are we human or ar we dancers

Religion er opium for folket.
- Karl Marx

Eg les Mengele Zoo for tida, og eg greier ikkje slutte. Boka nærmar seg slutten, og det er trist, for eg vil ikkje at den skal bli ferdig! Eg vil lese i den for alltid. Heldigvis finnes det oppfølgjarar. Eg har gjennoppdaga det fantastiske med bøker. Det er så fint å sitje framfor peisen og lese ei god bok, medan du drikk kakao med krem og kjenner på stillheita i huset. Slike dagar er flotte. Dessverre har eg for lita tid til slikt om dagane. I morgon er innleveringsfrista av DVD-coveret, og sidan eg har mykje å gjere, må eg sitje att på skulen i dag og, slik som i går. Det går greitt, eigentleg, Ole skal og vera igjen. Og Annelene. :D
No er det friminutt, og første dobbelttime time med IKT er ferdig, noko som vil seie at eg har to igjen. Det er greitt, IKT er ganske gøy. Siste time har eg media, og då blir det hard jobbing med coveret! No skal eg i alle fall ete. Poster nokre bilete eg, Annelene og Janne tok på ein Mac i klasserommet her om dagen. Søtt!











Dersom musikk kan beskrive kjenslar, trur eg at dette er slik eg kjenner meg akkuratt no:



1 Comment:

  1. Anonym said...
    har me ikkje uttrykkshistoriei dag då? for då får me ikkje jobba med dvd-coveret:(

Post a Comment