29.11.08

Utfordring

Det er helt klart et budsjett. Det er fullt av tall her.
- George W. Bush


Eg har blitt utfordra av Annelene, og skal altså skrive sju sanningar om meg sjølv som få veit om. Eg har gjort det ein gong før, på den gamle bloggen min, men eg satsar på å gjere det på nytt, og skrive noko anna. Litt, i alle fall.

Eg tykkjer nyfødde unger er forferdeleg stygge.
- Skrukkete, raude, høglytte, og full av blod. Kva er vakkert med det? Greitt nok at det er eit nytt liv og alt er fantastisk og slikt, men babyen er faktisk ikkje søt før den har blitt vaska og tørka.

Eg har fobi mot å bli trykka på nasa.
- Og å sjå at andre trykkjer på nasa si. Eller andre sine naser. Det er blitt ein slags mani, om eg ser nokon som gjer det må eg straks trykke nasa mi opp, sånn for å kompansere.

Eg greier ikkje gå over kummelokk med tal på
- Då er eg sikker på at eg får så mange års ulukke som det står på kummelokket, og eg må slå meg sjølv tre gonger i hovudet for å oppheve det. Det gjeld ikkje dersom det er kummelokk med eit tal som byrjar på 0, eller om det er noko anna enn tal. Då betyr det lykke.

Eg har vanskeleg for å lese engelsk
- Eigentleg er eg ganske god i språk, men etter å ha vore fast tilhengjar av lolcats i ein lengre periode greier eg omlag ikkje lese engelsk utan lolspeak.

Eg har eit strektrakkesystem.
- Når eg går, kvar som helst, må eg passe på å trakke på ting med forskjellig fot kvar gong, ellers kjem eg i ubalanse. Med "forskjellige ting" meiner eg altså alt mogleg, slik som dørstokkar, heller, ledningar og så vidare i det uendelige.

Eg likar ingen julemat.
- Greitt, no er eg vegetarianar, og det minskar mogligheitane for tradisjonell julemat betrakteleg, men eg har aldri likt julemat. Ikkje pinnakjøt, ikkje kolrabistappe, ikkje juleribbe, lutefisk eller noko som helst. Eg åt fårikål når eg var kjempeliten, men ein gong eg og min far var på fjelltur, før eg kunne gå skikkelig faktisk, sa han noko slikt som "sjå, Anja! Der går det masse godt fårikål!" når me passerte ein flokk sauar, og sidan det har eg ikkje åte det.

Eg speler i band.
- Eller. Eg syng i band. Onomatopoetikon heiter me. Onomatopoetikon er forresten eit ord som beskriv ein lyd, slik som "splæsh", "swoosh", "swish" og så vidare. Berre spør Annelene, ho er vill på onomatopoetikon.
Uansett, me har spelt saman sidan Ole fekk trommesett, og me er ganske så fantastiske, skal eg seie dykk.


Eg utfordrer:
- Ole
- Matias
- Og ellers alle andre som ser dette.

4 Comments:

  1. Anonym said...
    Wow, det var faktisk ein der eg ikkje visste! :O Den saken med trakkingen. Det var søtt! : D
    Anonym said...
    Anja er søt!:)
    Anonym said...
    Christ. Meg? Eg har jo ingenting å skrive x3
    Anonym said...
    I got something to say, I rapt you're mother today!

Post a Comment