27.11.08

I curse you, Bill Gates

Alt er forsvunnet. Nestan heile oppgåva mi. Eg må gjere alt på nytt, og det skal leverast i morgon. Er det rart eg mislikar å bruke PC? Eg har ikkje tatt med meg PCen heim sidan eg fekk Mac tidlegare dette skuleåret, og no kom eg på kvifor. Eg og Ole satt att på skulen frå tre til åtte, og alt arbeidet eg har gjort dei timane er fordufta. Visstenok skjedde det ein "alvorleg feil som gjor at Windowns måtte avslutte". No sit eg att med tre spørsmål.

1. Kvifor i alle dagar bestemte Bill Gates seg for å lage noko som ikkje fungerer i det heile tatt, og kvifor fortset folk å kjøpe det?

2. Kvifor i alle dagar bestemte fylkeskommunen seg for å kjøpe dei dårlegaste PCane til elevar på vidaregåande? Vil dei at me skal døy miserable og blå i andletet av at augene skjær seg inn i hjernen under eit massivt blue screen of death-anfall, og fører til at me døyr av indre blødningar?

3. Kvifor i alle dagar, og då meiner eg alle verdas, universets uendelege dagar har ikkje eg somla meg til å installere Adobe-pakka på MacBooken min? Unnskyld meg i det hovudet mitt treff tastaturet i rein og skjær frustrasjon:

hgfdcgvjnhmkhgfdrgthjkljuhrfedrftgujhkilijuhtg. Takk for meg.

6 Comments:

  1. Anonym said...
    Det er då ikkje Bill Gates sin feil at du ikkje lagrer!
    anja said...
    I lol'd. Det har eg då ikkje påstått.
    Anonym said...
    lol.
    Microsoft fungerer veldig godt for det som det skal brukes til, det er du som er noob.

    skole datamaskinene er helt kurante og fungerer helt greit, er igjen bare du som er noob og fyller den opp med drit.
    Anonym said...
    og før du får sjangsen til å skrive noe teit som liksom skal fortelle verden at du er spesiell og ikke er mottagelig for kritikk så kan du spare deg for å skrive at eg har aldri fylt dataen min med drit osv.
    anja said...
    Haha. Eg kjenner ingen som ikkje har hatt problemar med skulePCen sin, uavhengig av kva dei har på den. Me har til og med fått meir minne på dataen, utan at dette har noko som helst innvirking på dataen. Eg har omlag ingenting på PCen, då eg berre bruker den i skulesamanheng. Eg har som sagt ein MacBook som eg bruker heime.

    Det siste du skreiv gav ingen meining. Om verda tykkjer eg er veldig spesiell eller ikkje har ganske så lite å seie for meg, men for ein person som ikkje ein gong våger å seie kven du er, verkar du veldig oppteken av at andre skal oppfatte deg som smart. Noko du kanskje ikkje er, med tanke på at du ikkje greier å stave skikkelig.
    Anonym said...
    Pwned<3

Post a Comment